Sunday, February 25, 2007

Tilbake i Ålesund

Jau, ein lettare skjelven stordabu landa kl. 16:00 på Vigra den 24.2.07
Koseleg.
Sleit med meg all bagasjen på diverse bussar og drog den dei par hundre meterane til skulen.
Der ringte eg Kristin, Thailand læraren, som kom velvillig og låste opp til meg.
Eg gjekk inn på rommet, satt meg ned. Ja.. kva no?
Åleine på skulen.
Det gjekk mykje i film for å sei det slik.

Eg åpna kofferten, tok utav dei "dyre" filmane frå Thailand, og satte i gang.
Huskar ikkje heilt filmane eg såg, men eg veit at Employee of the month og ein lang krigsfilm var blant dei. Sovna til krigsfilmen og våkna med vondt i hovudet. Kva bedre då enn å setta på Saw 3?
Nummeret før eg skulle inn på dassen for å spy så hørte eg skritt i gangane.
Torkil svinga seg inn på skulen i sin vanlege nonchalante "eg bur i nord" stil, og no skal me laga pizza.
Skulle egentlig kjøpe pizza, men når me var eit stykke på vegen til butikken stoppa eg brått.

Meg: Kor skal me no?
Torkil: Hmm?
Meg: Kor skal me no?
Torkil: Ehh, hmm?
Meg: Tenk. Kor skal me no?
Torkil: Til butikken..?
Meg: Ja, og kva skjer når me kjem til butikken?
Torkil: Det er låst.

Så.. me snudde.
No skal eg gå og lage pizza med Torkil, han var så smart at han kjøpte med seg på forhånd.
Vil forøvrig gratulera han med valget, biff og løk, som må være den einaste grandisen for voldtektsforbrytere og andre kriminelle.
Men eg er for svolten til å la moralen ta overhånd.

Piz ut.

No comments: